Tovsli
Austre Tovsli Gnr 16 Bnr 1, også kjent som "Gamle Tovsli" i grenda, har det vore busett folk på frå før svartedauden. Fram til 1980-tallet, hadde samme ætta drive garden frå 1630 åra.
I 1786 bestod garden av ei stoge med skorstein og to små vindauge, stabbur, låve med kornrom, høyløe og halmskåle ved sida av fehuset, hestestall, badstoge og eit gamalt kvernhus. Garden hadde og ei ny smie og to støylar, Fisketjønn og Håbakk med seterbuer.
Våningshuset som er der nå, er frå 1850.
Ei ny løe blei sett opp i 1938, og i 1955 romma den 1 hest, 2 kyr, 1 ungdyr, 1 gris og 7 sauer.
Løa blei riven og stabburet blei lafta ned og bygd om til ei stoge på Haugen i 1926.
Dei siste av Tovsli familien som budde der var Pål Eirikson Tovslid og kona Sigrid Øverland Tovslid. Pål døde i 1976, og Sigrid i 1984. Helge Lassemo kjøpte Tovsli 1983.
Stein Helge Lassemo overtok i 2007, og flytte til Haugen i juli 2008 saman med Grethe.
Her trivest vi, og ynskjer å vere med på å gjere Birtedalen til ein god plass å vere for dei som ynskjer å bruke Birtedalen om det er som dagsturist, hytteeigar, kanopadlar, jeger,,,,,
Vi brukar Gamletovsli i marknadsføring, då nabogarden heiter Tovslid.
Følg oss gjerne på instagram: gamletovslino, og facebook: Gamletovsli